Det er ei ny rute i Riska som sikkert
er lite kjent.
Nokon som likar å henge i lause lufta etter ei snor, har merka ein sti opp til Bjellandsfjellet.
For oss som må ha beina på bakken, kan ved hjelp av denne merka stien nå få ein fin rundtur!
Som kartet viser, følgjer ein stien sørover langs austsida av Frøylandsvatnet,
forbi saua-huset og over steingarden med gjerde over. Her er ein stor stein som
egnar seg godt som gjerdeklyvar. Hald fram i same retninga i ca. 40 meter og
ta retning på skrå mot skogen som kartet viser. Sjå etter merkeband.
Ikkje passer nytt gjerde før du har funnet merkebandet. Deretter er det
bare å følgje merkene til toppen.
Oppe i skråninga kan du om våren finne mengder med kusymre.
Veit du om nokon annan stad i Riska med denne planten?
På toppen får du flott utsikt! Når du er på toppen, har du
snaue 200 meter til stien Sanddalen- Torenipen. Denne
strekninga er merka med raude band. Deretter
kan du halde fram på ein fin rundtur til Sanddalen eller
over Ellefsfjellet og ned til Maudland.
Eller du kan gå i motsatt retning og komme via Grindavatnet til
Hogstad.
Her finn du eit "kart" over stien!
|
 |